Solbærgrotter

Dette er kjeksa eg bakar utan oppskrift. Før eldste dotter mi vart født, baka eg ca 100 slike. Det var det alle fekk i hånda då dei kom på besøk. Og sjølv om eg ikkje alltid lagar dei med solbær, heiter dei solbærgrotter likevel.

Solbærgrotter
18-20 stk

250 gram meierismør, i romtemperatur 1,5 dl sukker
1 ts bakepulver
1,5 ts vaniljepaste*
4,5 dl mjøl
Syltetøy

Bland smør, sukker og vanilje i ein bolle. Eg gjer berre alt med hendene. Ha så i mjøl og bakepulver, og bland alt til ein jamn deig. Rull til ei lang pølse som er litt mindre tjukk enn botnen på ei vanleg muffinsform. La den ligga i kjøleskapet i ca ein halvtime. Set omnen på 200 grader, og set klare muffinsformer på eit bakebrett. Bruk ein kniv og skjer deigen opp i skiver som du legg i muffinsformene. Med ein knokkel eller tommelen, lag ei fordjuping i kvart kjeks.

Fyll ho med syltetøy. Steik kjeksa i ovnen i ca 18-20 minutt, til den er veldig lett gyldne. La dei kjøla seg litt ned før du et dei, ellers kan dei lett smuldra ifrå kvarandre. Nyt!

*Eg kjøper min frå Kinsarvik helsekost (på nett!), men ein kan såklart også bruka vaniljesukker. Viktig å bruka bra vanilje sidan smakane er så reine!


Leave a comment

Please note, comments must be approved before they are published