Crazy Rich Asians

Romantisk komedie, men SÅ. MYKJE. MEIR. Filmen handlar om moderne dynasti i Singapore, gamle pengar, tradisjonar, familie, KJÆRLEIK. Dette er ein film som alle burde sjå. 

OBS: når du har sett CRA må du sjå den nye realityserien Bling Empire på Netflix, den er som ein real life-versjon.


Call Me By Your Name

Eit kunstverk av ein film som inneheld sånt eg lengtar etter no: sommar og vakre hus i Italia, dagar som flyt i kvarandre. Putt på litt hemmelig romanse, kyssing i høgt gras, lengtande blikk. Du kjem til å elska denne filmen! Men du vil aldri sjå ein fersken i auget igjen.

Lady Bird

Denne filmen er så sår og vakker, om å vera ungdom og skulla ta store valg og kor vanskeleg det er å ha foreldre av og til. 

Little Women

Enda ein Greta Gerwig-film (og den tredje filmen på lista med Timothée Chalamet!), denne reinvented klassikaren som er Little Women, gjort med sånne detaljar og sånne skuespelarar at ein blir heilt PAFF. 

Grand Budapest Hotel

Dette er ein av mine favorittfilmar of all times, av vidunderlege Wes Anderson. Persongalleriet er gigantisk og handlinga både pingar fram og tilbake og er samtidig så gjennomtenkt. Alt er vakkert. Ein film ein må sjå. 

Comments (2)

“About time” er vår absolutte corona-favoritt (altså filmer som gjør locdown bittelitt bedre).

Marte

Ja!! 3 x Timothée Chalamet og 3 x Saoirse Ronan kan ikkje bli feil! Bling Empire er gøy, eg må få sett CRA snart 🤩

Ragnhild

Please note, comments must be approved before they are published.