Vil du sende ei gåve?

Det er så koseleg når de vil bruka oss til å sende gåver til folk du er glad i. Det er faktisk superenkelt!
Det einaste du må gjera:
1. Legg til gåveinnpakking i handlekorga di (klikk HER). No i høgsesongen kostar det 20 kroner å få innpakking.
2. I handlekorga, fyll ut boksen som heiter "notat til bestilling". Der kan du skriva om det er ei gåve, hvis du ynskjer at me ikkje legg ved bestillingsark, og kva som skal stå på eit eventuelt kort.
3. Fylla ut rett leveringsadresse når du gjennomfører bestillingen din (i tilfelle du skal sende direkte til mottakar!). 
Og vips så er gåva di på veg frå oss💓