Synne sine favorittar

Synne er vårt nyaste tilskot, som kom inn som eit mirakel. Ho elskar feel good-filmar, Nesquik med jordbærsmak, god mat og å reise på opplevingstur med sambuaren og hunden Lilo (som såklart oppkalla etter ein disneyfigur). Ho er sjølverklært nerd, og elskar det meste i nerdiverset. Hufflepuff, såklart.

Ein perfekt fredag inneheld sambuaren sine ekstremt digge enchiladas, bra musikk på platespelaren, GT og  brettspel. 

Helgekjensla midt i veka er å ta eit glas vin til maten, ta eit bad med duftlys og zen musikk, og sitte under teppet med ein god film.