God fredag, alle saman! Dei siste par vekene har me fått inn så mykje nye varer, så no tenkte eg å samle nokre av mine personlige favorittar her:

- Skålene frå Merete Rein kom i vårfargar, og hallo så vakre dei er! Det har vore eit eventyr å samarbeida med ein så dyktig person, og me føler oss så heldige i at ho alltid er open for å ta imot idéar og ønske frå oss.

- Denne kokeboka for morgonar, er så fin for oss som så inderleg treng litt meir pepp dei første timane av dagen. Kanskje blir denne reisa mot å bli ein morgonperson?😹

- Veganske marshmallows frå Mallow Puffs, å herrefred! Desse er så gode, og det som er så fint er at dei aller fleste kan eta dei sidan dei er veganske og derfor óg eggefri og mjølkefrie.

 

- Mi nye lunch bowl frå W&P som inspirerer meg til å laga fine lunsjar til meg sjølv, og bruka restar på ein ny måte. 

- Ein litt unsung hero her på Fredag er Coco sin fudge med salt karamell. Den er chef's kiss👌🏻 

Comments (0)

Please note, comments must be approved before they are published.