Mac & Cheese med sennap fra Tracklements

 Ingrediensar (til 4): 

225 gram makaroni 

Ei klype salt 

250 gram broccoli, skoren i bitar på 2–3 cm 

50 gram smør 

50 gram kveitemjøl 

475 ml mjølk 

225 gram cheddar, eller annan ost, raspa 

3 gode spiseskeier Sweet Mustard Ketchup 

Salt og pepar 

Ein handfull brødsmular/strøbrød 

 

Metode: 

Verm opp omnen til 200 grader. Kok pastaen i lettkokt vatn, og reduser koketida på pakka med omlag fem minutt. Kok brokkolien ilag med makaronien dei siste fire minutta. Ta ut ein halv kopp med pastavatn, før du tømmer det ut. 

 

Smelt smør i ein kjel. Rør inn mjølet og ha det på varmen litt, medan du rører, til mjølsmaken er borte. Legg til mjølka og hald fram med å røre, til sausen er mjuk og tjukk, dette bør ta minst fire minutt. Rør inn osten, til han smeltar, og legg til sennepen og det som er att av pastavatnet. Smak til med salt og pepar.  

 

Tøm sausen over den kokte makaronien og broccolien, og ha alt over i ei høveleg form. Strø brødsmulane over, og bak i omnen 25–30 minutt, til retten boblar og er gyllenbrun.  


Leave a comment

Please note, comments must be approved before they are published