Helgekjensla i januar

Gratulerer til oss alle som har komme oss gjennom den mest måndag-måndagen på heile året, og til og med nesten heile tysdag! Klapp på skuldra til oss. Januar er beinhardt for så mange av oss, og då er det ekstra viktig å hugse på at det går an å finne helgekjensla i denne trauste armen av året. Her er 10 ting som garantert vil gi deg litt glitter i mørket:

  1. Gå på biblioteket. Kva er det med bibliotek? Det er så trygge plassar, og kor mykje er det me egentlig gjer som vaksne som ikkje kostar pengar? Snakk med ein bibliotekar, det er dei som er varast i garden.

  2. Spel favorittalbumet mitt, Chet Baker Sings, medan du lagar middag. Stemma hans er som fløyel og ein gløymer tid og stad.

  3. Sjå The Big Fat Quiz of Everything, eller generelt britiske quiz-program. Så deilig ufarlig.

  4. Heng opp fuglemat ein plass du kan sjå det frå inne. Kanskje blir du så frista at du må låne ei fuglebok på biblioteket? Verre ting har hendt!

  5. Send eit postkort til nokon du er glad i, med ein morsom tanke du har hatt eller eit minne de har delt saman? Verdens koseligaste ting å få post!

  6. Vask kjøleskåpet!!! 1000 poeng.

  7. Dekk på bordet skikkelig sjølv om det er midt i veka, med duk og bordbrikker og kanskje ein liten blome?

  8. Planlegg korleis hagen eller balkongen din skal få sjå ut i sommar, lagre bilder på instagram i ei mappe som heiter “HAGEDRAUM 2022”.

  9. Lær deg å lage pasta frå scratch, det er faktisk SÅ enkelt og noko av det beste som finnnnnnst.

  10. Legg på nye sengeklede, og stram lakenet skikkeleg så det blir hotellkjensle, så du kan bounce a quarter off of them. Deilig gåve til seg sjølv, deilig kjensle.

Og kanskje kan det gi deg litt helgekjensle å støtte små bedrifter no i vinter? Det håpar eg! De er så velkomne i nettbutikken, venner✨


Leave a comment

Please note, comments must be approved before they are published