🌧Finn fram dei strikka sokkane. Ta dei på, og når du tar dei av: legg dei ein plass du hugsar å ta dei på når du kjem heim frå jobb og står opp om morgonen.Bestem deg for ein genser som får vera Haustgenseren, og den skal óg takast på etter jobb. Så himla trøstande og fint.

🌧Sett lys i lysestakar, eller telys i telysholdarar. Tenn lys til frukost: eg lovar deg, det er SÅ ufattelig koselig. Og ha fyrstikker liggande rundtomkring, så du hugsar det.

🌧 Finn eit haustprosjekt, kanskje eit bakeprosjekt? Det kan vera surdeig, eller paiar med all deilig haustfrukt, du kan læra deg å laga digg kaffi heime, eller kanelbollar? Håndarbeid er perfekt om hausten, kanskje perlebrodering eller hekling eller sying?

🌧Velg deg ein regissør eller forfattar, og start ein plass. Målet for hausten er å bli kjent med vedkommande.

🌧Gi deg sjølv noko varmt å drikka; ein digg tekopp eller deilig kakao. Med krem på! Eg veit at hjerna di vil sei at du ikkje har tid til det, men det har du. Og du fortjener gode ting💓

Comments (0)

Please note, comments must be approved before they are published.