Min beste fastelavnsbolle er hakket meir brukarvennleg og smakfull, fordi ein tek ut mykje av fyllet i bollen og fyller med mandelmasse og krem, også serverer ein den med skjei. Gamechanger. Lag denne i helga, du vil ikkje angra. Og tagg oss gjerne på instagram!💓

For å spesifisera korleis eg sjølv lagar bollane: eg kuttar av toppen som ein hatt (altså ikkje halve bollen), også brukar eg ein gaffel til å grava ut innmaten i bollen. Innmaten blandar eg med litt laus mandelmasse. Eg lagar min eigen og den er litt mindre fast enn ein kjøpemasse, men ein kan kjøpe kransekakemasse og tynne ut litt med vatn. Ca. 1 cm mandelmasse i botnen, topp med krem, sett på hatten og topp med melis. Yes! Og om du har eit glas pistasjkrem frå Gridelli ståande: prøv å bruke den istadenfor mandelmasse - tippar det er ein vinnar óg!

Fastelavnsbollar
18 bollar

1 ss knuste kardemommekjerner
3 dl lettmjølk
1 pk tørr eller fersk gjær
1,5 dl sukker
1/2 ts salt
150 g smør i romtemperatur 1 egg, pluss ekstra til pensling
11–12 dl kveitemjøl

1. Ha mjølk og kardemomme i ein liten kjel, og verm det opp til fingervarme. Ha smør, sukker, salt og egg oppi mjølka, saman med gjær, om du brukar fersk, og bland til ei jamn væske. Om du brukar tørr gjær kan du blanda den med 11 dl av mjølet i ei stor skål no.

2. Bland mjølkeblandinga med mjølet og kna til du har ein elastisk og smidig deig. Tilset meir mjøl om det trengst.

3. Lat deigen heva på lun plass til dobbel storleik, 1/2-1 time.

4. Ha eit tunt lag mjøl på kjøkenbenken. Rull ut bollane og legg dei på to bakepapirkled- de bakebrett, lat dei igjen heva i 1/2-1 time.

5. Sett omnen på 200 grader.

6. Pensle bollane med egg, og steik dei i midten av omnen i 7-10 minutt, til dei har fått gyllen farge på toppen.

7. Lat bollane kolna på rist og lat dei bli kalde, før du fyller med krem (og syltetøy, om du ønskjer det) og dryssar melis over.

 

Comments (0)

Please note, comments must be approved before they are published.