Om oss

Helgekjensla, kva dag som helst

Fredag er ein butikk og konseptstudio basert i Gamle Lærdalsøyri i Lærdal. Me opna dørene i september 2017, og har sidan då gitt ut fleire magasin, designa eigne produkt og husa ulike kunstprosjekt innanfor veggane våre.

Butikken er eigd og starta av fotograf og forfattar Mariell Øyre, som flytta til Lærdal frå London i 2016 for å få eit roligare småbarnsliv på familiegarden til mannen sin. Men istaden fann ho ut at krambua Oddebui snart var ferdigrenovert og trong leigetakar, og på ein blunk var draumen forma, for som ho seier «hvis ikkje oss, kven?». På tre år har me gått frå å vera ei bittelita bedrift med lager på låven og nær null oppstartsmidlar, til ein arbeidsplass med fleire ansatte og rom for ambisjonar.

Kvifor heiter me Fredag?

Du har leppestift i veska og ny neglelakk på, i skuffa på kontoret ligg ein boks med trøflar i verdens finaste boks. Etter middag dreg du fram eit nytt spel som får det til å lysa i augene på ungane dine. Du står opp og det er iskaldt, men du dreg på deg ein fin kimono og lagar deg ein kopp kaffi som varmar så godt, den nydelege koppen du held har du valgt ut med nøye hånd. Kanskje seier du ifrå til kona di at du treng åleinetid i kveld så du kan pusla eit gigantisk puslespel? Du finn oppskrift på ein deilig chaisyrup som du brukar i havregrauten din om morgonen, ein heilt vanleg tysdag. Kveldsmatgjengen din kjem, og rett før legg du på den der duken som er så fin at den gjer at ingen ser at det ikkje er ryddig. Du trippar opp før ungane har vakna for å gi deg sjølv ein ansiktsmassasje, å få komma i gang i eit heilt stille hus.

Helgekjensla treng ikkje å høyra til helga, ein skal få lov til å setta gullkant på kvardagane sine òg. Den kjensla er ofte født ut av å gi seg sjølv noko som ikkje er basalt, som er noko i bonus. Å visa seg sjølv at ein er verdt det der ekstra.

Alle varene me har i butikken, er valgt ut med den kjensla i botnen. Helgekjensla, kva dag som helst.

ALFHILD

butikkmedarbeidar

KAITLYNN

brand liaison / social media