VÅRMAGASIN

Du får 1 JPG

Buy this
  • kr 195,00

Det blir vårmagasin! Eit magasin fullt av varme og håp. For det er jo det me treng no, å vita at dette skal gå over, at me skal få sitta på eit teppe i ein park med venner og dela ei flaske vin og le og klemma kvarandre og ikkje vera redde. Og dét kan eg jo ikkje gi nokon akkurat no. Men eg skal prøva mitt beste å baka håpet, det fantastiske, utrulege håpet, om det, inn i eit magasin.

Mykje er uklart enda, men dette veit eg: Det kjem til å inneholda oppskrifter på herleg mat og bakst, tips til korleis me kjem oss gjennom denne tida, korleis stella med plantene sine for våren, om min kjøkkenhage og korleis me starta med det, om markblomar og folketru, om korleis laga forteljingar saman med ungane dine, DIY, eg kjem til å dokumentere litt om surdeigsprosjektet mitt, det blir ei oppskrift på å laga sine eigne notatbøker med det ein har i heimen, og ei veldig komplett liste med ting ein kan gjera for å føla seg bedre.

Me kjem til å trykka på bestilling og ha eit veldig begrensa antal for laussalg. Det kjem til å vera ca 65 sider. Det kjem til å vera a5-format (som adventsmagasinet).

Dette er ikkje eit digitalt produkt, det er eit trykt magasin. Men fordi me skal ha orden i sysakene og ikkje kan ha fleire hundre opne bestillingar fram til magasinet kjem frå trykken, må me organisere det slik. Pass på at de legg inn riktig leveringsadresse. Frakt er inkludert i prisen.