SOMMARMAGASIN (forhåndsbestilling)

You'll get 1 PNG

Buy this
  • kr195.00

Kva skal magasinet innehalda, lurer du kanskje på? Vel. Eg har jo spurt dykk om kva de vil ha, og høyrt på dykk. Det er jo då det blir best. OBS framsida er ein kladd foreløpig

Me har oppskrifter! Det blir solbærpai, ostesmørbrød, drinkar (både alkohol og utan), oppskrifta mi på Nøtteknus ™, massse salatar og piknik, vegetargrill/halloumitilbehør, mitt go to-surdeigsbrød, myntelimonade, kake!!!

Så blir det DIY-kiosk av pallar, om mine barndomssomrar, det blir ein stor guide til Sogn, hyttefeeling, korleis laga blomsterkransar, heimelaga såpeboblemiks, DIY hårbøyler som ser ut som dei er frå Ganni, om korleis ein kan bli glad i å gå i fjellet når ein ikkje er det, kva ein kan gjera når det regnar, billeikar med kidsa, spelelister, sommarintervju med flinke fine folk og såklart ei bucket list/bingo.

Eg kjem tilbake til dei fantastiske folka som bidreg til magasinet om litt, mykje er framleis ope. Og altså, dette blir til AS WE SPEAK, så om du har lyst til å pitcha meg ein idé til noko du vil gjera, så be my guest. Eg er open. Sidetalet er ikkje satt.

Det blir a5, som dei andre, og ca 110 (!!!) sider. Det kjem til å kosta 195 kroner inklusiv frakt i denne fasen. Levering primo/medio juli.

Jepp. Så. Høyr her.

Me opnar opp forhåndsbestillingen HEILT. Så det blir ikkje utsolgt no i denne fasen, for me trykker heilt enkelt opp så mange de bestiller, men me kan ikkje køyra meir enn 1000, det er for mykje admin. Men 1000 veit eg at me klarar! Så me bestiller 1000 og selger resten i laussalg i butikken, og som vanlig i nettbutikken når me har sendt ut alle til dykk som har bestilt. Men det heilt klart beste for oss, er at så mange som mogleg av dykk forhåndsbestiller på denne måten, så me kan sende dei ut samtidig.

Som sist gong så bestiller de magasinet som eit «digitalt produkt», det betyr berre at bestillingane dykkar går inn i eit anna løp i systemet vårt så det ikkje ligg 784 ufullstendige bestillingar som Johanne må deala med når ho skal pakka andre varer. MAGASINET SKAL BESTILLAST ÅLEINE, altså ikkje med andre varer i handlekorga, men de kan godt bestille fleire enn eitt om de vil. Bestill så mange du vil, og gi til venner i sommargåve då vel! Det blir jo alle glade for?

På forhånd tusen takk for at de held fram med å støtta oss og denne ganske crazy idéen om at det kan vera bærekraftig å skriva og trykka eit magasin i vesle Lærdal (med eit opplag som er like stort som 50% av folketalet her!). De held oss gåande i støtte, kjærleik og kroner, og det elskar me dykk for.