SAMLAGET - Tung tids tale

Buy this
  • kr 299,00

Vinnar av Brageprisen og Nynorsk litteraturpris 2017!

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.
- Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet.
Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
- På øyret til bilen.

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Nominert til Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Bokbloggerprisen 2017!

Boka var også med i kåringa av årets beste bøker (2017) i Bergens Tidende, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Dagsavisen, Klassekampen og VG.