Haustmagasinet

Buy this
  • kr185.00

Eit haustmagasin er født! Det er fullt av oppskrifter og sånt som gjer dagane finare. HELGEKJENSLA. Ingen prestasjonsjag eller ambisjonar, berre kos og ro og sjølvomhu.


Bidragsytarar:

Helena Krekling (@helenakrekling) samtalar med meg om å fotografera born. Kva er fallgruvene, og korleis gjer ein det bra?


-Jostein Avdem Fretland (@fivrel) deler korleis me lagar cappucino heime.


- Mia Frogner (@greenbonanza) deler eit par oppskrifter frå si siste bok, Mer enn mett, og svarar på eit lite intervju.


- Christine Fure Schwarz (@silkeogdynamitt), som bokdebuterer i 2021, deler ei oppskrift på eit DIY spa kit.


- Luisa La Mar (@luisa_lamar) har skrive ein tekst om å vera mamma og aktivist.


- Åshild Rullestad Eriksen (@aashildre) deler frå hjartet om sitt elskede Beirut.


- Ingvild Grane (@skaperrom) har skrive ei liste over 17 ting ein kan gjera om hausten om ein vil riktig kosa seg.


- Glamourbibliotekaren (@glamourbibliotekaren) elskar te og alt som har med te å gjera.


100 sider, a5. Trykk av Printfarm i Årdal.


Tusen takk for at de held fram med å støtta oss og denne ganske crazy idéen om at det kan vera bærekraftig å skriva og trykka eit magasin i vesle Lærdal (med eit opplag som er like stort som 50% av folketalet her!). De held oss gåande i støtte, kjærleik og kroner, og det elskar me dykk for.