HAUSTMAGASIN (forhåndsbestilling)

Buy this
  • kr200.00

Eit haustmagasin skal komma.

I det skal eg prøva å gi dykk ei kjensle av haust som er roleg, som luktar lett av kanel og føles trygg, som om det nettopp vart lagt meir på peisen, så det berre er å slappa av.

Me kjem til å skriva om filmar som me elskar av den klassiske sorten, og popcorn-oppskrifta mi som høyrer til då. Pizzaoppskrift, såklart i haustversjon. Ein haustbrunsj det blir fint å invitera nokon på med låge skuldre. Me skal snakka om haustvanar, om korleis Jostein og eg lagar cappucinos heime kvar dag, om vaksenvennskapen som ikkje er så enkel. Heimelaga sjokoladepålegg og haustbingo. Det blir den audmjuke havregrauten, og korleis ein kan gjera den meir sjølvsikker, om ein vil (sa nokon chai-syrup?). Om te (både filosofisk og praktisk), og om haustmusikken. Det blir brettspel, og Feel Better. Kanskje ein deilig drink? Og litt om reisetrangen me føler på, men ikkje får gjort noko med akkurat no.

Ca 80 sider, a5. Trykk av Printfarm i Årdal. Levering medio oktober. Frakt er inkludert i prisen. OBS framsida er ein kladd foreløpig.

Me opnar opp forhåndsbestillingen HEILT. Så det blir ikkje utsolgt no i denne fasen, for me trykker heilt enkelt opp så mange de bestiller, men me kan ikkje køyra meir enn 1000, det er for mykje admin. Men 1000 veit eg at me klarar! Så me bestiller litt fleire enn de har bestilt, og selger resten i laussalg i butikken, og som vanlig i nettbutikken når me har sendt ut alle til dykk som har bestilt. Men det heilt klart beste for oss, er at så mange som mogleg av dykk forhåndsbestiller på denne måten, så me kan sende dei ut samtidig (og så me veit kor mange det er trygt å trykka!).

Som sist gong så bestiller de magasinet som eit «digitalt produkt», det betyr berre at bestillingane dykkar går inn i eit anna løp i systemet vårt så det ikkje ligg 784 ufullstendige bestillingar som Johanne må deala med når ho skal pakka andre varer. MAGASINET SKAL BESTILLAST ÅLEINE, altså ikkje med andre varer i handlekorga, men de kan godt bestille fleire enn eitt om de vil. Bestill så mange du vil, og gi til venner i haustgåve då vel! Det blir jo alle glade for?

På forhånd tusen takk for at de held fram med å støtta oss og denne ganske crazy idéen om at det kan vera bærekraftig å skriva og trykka eit magasin i vesle Lærdal (med eit opplag som er like stort som 50% av folketalet her!). De held oss gåande i støtte, kjærleik og kroner, og det elskar me dykk for.

Files
1 PNG